Svartbak...

e ei store å hissige måka. Skrike ut i tide å utide. Ikkje alltid lika behagelige å hørra på, men alltid lika full av energi og engasjement.

torsdag 30. mai 2013

Me e på vei.......

Vard - FKH 2 - 5 (0 - 2)

Der va fjerde ronde i boks. Me etterlyste ein overbevisande seiår, og det fekk me vel? Uansett så va me det tippeligalaget som putta mest i denna cupronden. Så får me håpa me ikkje har tenkt å spilla et par kampar uten å scora nå, sånn som me gjorde sist me putta fem. Om det va viktig å vinna mot Vard, så e det for Svartbak minst lika viktig å mosa B#&%%!

Svartbak likte det me hørte av Maakeberget. Fin, fin gest te Steinar Lein. Ein mann som har gjort ein kjempeinnsats for de røde og blå itte han ga seg hos oss, takken han får for det, ja, et tupp i rævå fra et piratstyre! Nå e ikkje det noke nytt i den klubben. Her e det nok av eksempler på folk med skapet fullt av Vardstatuettar som e blitt frøse ut av klubben av ulike årsakar. Spesielt va det mongen som fekk oppleva det itte fusjonsavstemmingå. Enkelte har aldri satt sine bein på Vardhuset itte behandlingå de fekk ukene ittepå. Om du åpent viste at du va for fusjonen, ja då va det ikkje plass for deg. Nå ser me at diskusjonane om kim som har det største Vardhjerta e i gang igjen, denna gongen bl.a på Twitter. Lykke te med det!

onsdag 29. mai 2013

Emotional rollercoaster

LSK - FKH 3 - 0 (1 - 0)

Det å vær FKH supporter kan vær ein stor påkjenning for følelseslivet. Her går det opp og ner! Fra himmel te helvete, te himmels igjen for så havna tebake på motorveien te helvete, som noken guttar fra Australia kalle det. Her e me i ekstase itte å ha banka Rbk og Start hima, havne rett i kjellaren itte Sarpsborg kampen. Så banke med gullvinnaren fra de to siste årå ner i sokkane, det på bortebane! Me møte opp for å klappa guttane gjennom folketoget, før de sende oss ut i djup frustrasjon igjen itte Sogndal og Lsk kampane. Detta e faen ikkje sunt for oss stakkars måker! Me vett jo aldri ka me får!

Det ska seiast at me va fullt på høyde med Lsk i fysste omgang, sjøl om de scora mot oss før me va klar, og sjøl om me ikkje akkurat bomba de med avslutningar mot mål. Omgangen va ikkje så håplause at me ikkje hadde tro på at det konne snus i andre. Men den gang ei! Me får hellår se ein dårlige omgang med to for dagen dårlige lag, kor det dårliga laget me ikkje har følelsar for (ihvertfallikkjegodefølesar), jaggu klare å putta to scoringar te.

I tillegg te at me ikkje klare poeng, elleår ihvertfall klare å spilla nokelunde bra fotball på Årasen, må me o hørra på de idiotiske supporterane deiras. Listå med elendige påfunn dei har hosta opp gjennom tiå e for long te at an kan ramsas opp her, men nå tar de kakå! Då Riise prøve alt han kan å kvesta Bangura, fortjene han rødt kort. Det e forståelig  nok ikkje Lsk supporterane enige i, men å pipa kvar gong Bangura har ballen, ein mann som itte denna taklingen ska vær glad han har to bein å stå på, e direkte lavmål!

Så e det Vard i kveld. Kom an guttar! Det e på tide å senda oss te himmels igjen! Og med "te himmels" meine me SOLID og OVERBEVISANDE seiår!



tirsdag 21. mai 2013

Ska ikkje væra enkelt, nei!

FKH - Sogndal 0 - 1 (0 - 0)

Itte å ha svevd rondt i skyene på 17. mai og heila pinsehelgå havna me fort nerpå igjen. Det vise kor jevnt og tett det e i denna ligaen. Sogndal kom te Haugesund med ein klar plan, og lukkast dessverre hundre prosent. Når det e sagt, så va de avhengige av at omtrent absolutt alt så va av såkalte marginar gjekk deiras vei, noke de ikkje la skjul på ittepå hellår (ihvertfallikkjeKaradas). Uansett kor nitrist det e å tapa så gjekk ikkje Svartbak lika forbanna him som itte Sarpsborg kampen. Den store forskjellen i går va at ein konne se på guttane at de ville, det va ikkje innsatsen det sto på. Sjøl om det va noken hårreisande valg og pasningar denna kampen o, va spillet stort sett godkjent, ja, flott å se på va det te tider. Avslutningane derimot va ikkje av samme kaliber som 16. mai. Denna kampen tapte me rett og slett på ineffektivitet foran kassen. Når ellers brilliante Bangura lage ein totalt unødvendige straffe, då går det som det typisk for sånne kampar må gå. For straffe va det, ifølge reglene ihvertfall. Der og då meinte ikkje Svartbak det, noke som me ga klart utrykk for, men itte å sett detta hundre gonger på tv, så må me innrømma at dommaren har sin fulle rett te å blåsa. Koffor i all verden trenge du egentlig å dra i trøyå der da Bangura? Du hadde jo kontroll uansett! Det som e domt med sånne situsjonar, e at dommerane blåse ein av femti gonger, då e det så jævla kjipt når den eine gongen går imot deg. Om kørnåren va ute før Gytkjær scora e det bara linjemannen som kan svara på. Tv-bildene klarte hellår ikkje å gi noe sikkert svar på det. Det som e sikkert, e at linjemannen følte seg sikker. Han va oppe med flagget før ballen va komt inn i feltet. Svartbak trodde der me sto på stadion at han vinka for offside, og hissa oss derfor selvsagt i vinkel.

Me avslutte denna kampen med noken ord om å hissa seg opp på dommaren. Svartbak meine det e heilt greit, sjøl om det sko visa seg ittekvart at dommaren har rett! Det e forhåpentligvis med på at enkelte avgjørelsar som må gjøras i hyrten og styrten kan gå våres vei (sjølommeføledetaldrigjørdetfoross). Dei fleste dommerar blir nok påvirka av stemningå på tribunen, sjøl om dei ikkje vil innrømma det. Det e himapublikum sin jobb å få dommaren te å dømma brorparten av avgjørelsane våres vei. Lar me de hørra det når de dømme mot oss, vil de forhåpentligvis huska det te neste gong, og ubevisst dømma fordel oss med redsel for ubehag fra tribunane. Sånn som de gjør for B&#%% i Bergen, Rbk i Trondheim og Vif i Oslo. Derfor like Svartbak det han ser når te og med publikum på østre står igjen for å la dommartrioen få gjennomgå på vei inn i garderoben. Det me ikkje like e utrop som eit par idiotar bak oss brølte i det straffen blei dømt. Her kom Haugalandsrasisten te uttrykk. Det som likavel va bra i denna situasjonen, va at det blei vist ein ok sjøljustis på tribunen. Idiotane bak oss fekk klar beskjed om å holda kjeft, fra Svartbak, og ein heile haug med andre. Ka e så moralen her? Jo, diss gjerna dommaren, men diss han for dømmingå!



lørdag 18. mai 2013

Ny 16. mai bragd!

Molde - FKH 1- 5 (1- 2)

Som itte 16. mai kampen me alle huska mot Rosenborg fortjente guttane igjen å gå gjennom folketoget med applaus heile veien. Denna gongen hadde de o fortjent at alle dei røde, kvite og blå flaggå langs rutå va bytta ut med kvite og blå flagg. Ka va det egentlig som skjedde der oppe på Røkkeløkka? Svartbak e ingen Arne Scheie, men me tror ikkje me bomma om me påstår at makan te grusing har ikkje moldenserane opplevd itte at rekefiskaren bygde stadion te di. Ekspertane hadde nå o begynt å snakka om at Molde va littegranna på gang igjen. Di knuste Aalesund hima, og di klarte et poeng i Sandnes. Men så kom guttane fra Hgsd på besøk. Ikkje eingong et minutt trengte di på å laga det fyssta målet. Det tok då ikkje longe tid før Skjerve lukka augene på ein kørnår og me va lika longt. Resten av omgangen hadde Molde ein del ball, men skapte ikkje noke farligt. Heila tiå satt me med ein følelse av at guttane våres hadde kontroll, at di syns det va gøy utpå der, di våga å prøva, og jaggu, rett før pause satte Gytkjær inn sin andre for kvelden.

Te Cmore seie så Solskjær i det andre omgang starta, at nå skolle de kjøra på for å få et mål innen ti minutt, sånn at de deritte kunne gå for alle tri poengå. Han rakk knapt nok å venda blikket tebake te mattå før Søder satte inn tri ein. For ein prestasjon det va! Et innlegg fra Bamberg komme så vidt borti ein Molde spillar, Søder klare likavel å få ballen på mål, keeper gir retur, ein retur som komme knallhardt tebake te Søder, Søder sende an endå hardare tebake i mål! Mål nummer fira, rett og slett ei perla fra Haukås. Blir ikkje lett å setta han ut av laget mot Sogndal nå. Han e NØDT te å få sjansen igjen, sjøl om Mæland sko vær klar. Det femta komme på straffe itte at Haraldseid blir meid ner. Idioten som meie han ner, begynne jaggu å dytta ittepå i tillegg! Makan! Det skolle egentlig vært den andre straffen han lagte i løpet av kampen. I fysste omgang spenne han jo vekk begge beinå te Tor Arne. Dommaren står to meter fra, ser rett på, men gjør ingenting! Intet mindre enn fantastisk! Om straffen som Tromsø skolle hatt denna ronden får politikarar te å snakka om korrupsjon (detvarettnokbaraeinpolitikarsomikkjekommefraetpartisomkanregnassomeinyngleplassforintelligenteutdannamenneskår), ja då finnst det ikkje grensår for ka konspirasjonsteoriar som denna burde ført te!
Uansett, straffen som Haraldseid skaffe oss, gir Gytkjær hattrick!

Då e det bara å takka for ein fantastiske innsats! Måtte det fortsetta sånn!



Guttane vinne, nå e jaggu solå komt o, ka kan me sei.....

mandag 13. mai 2013

Back on track?

Viking - FKH 0 - 0
FKH - VIF 1 - 0 (0 - 0)

Det va ikkje uten bekymring me satte oss i bilen for å ta turen te Jåttå på torsdag. Ville me opptre som mot Tromsø og Sarpsborg? I så fall ville me bli most i Stavanger. Likavel hadde ein jo følelsen av innerst inne at mot nettopp siddisane ville aldri guttane våres våga å gå utpå mattå å visa slett innsats. De like oss for godt te det, så vondt vil de oss ikkje. Sjøl om ikkje spillet sprudla i fysste omgang, va det lett å se at det ikkje va viljen det sto på. Me kreve egentlig ikkje så mye mer. Så lenge det ser ut som om guttane gir det de har, prøve så godt de kan, ja, då e me stort sett fornøyd. Svartbak fekk med seg ein Viking sjanse i løpet av omgangen. Den slo Per Morten lett te kørnår. De hadde ein inne o, men den blei heilt korrekt avblåst for offside. Me kan hellår ikkje skryta på oss alt for mye i denna omgangen, men innsatsen va bra.

I andre omgang e me klart best med flerre store sjansår. Hissigproppen i Vikingburet gjør ein fantastiske redning på ein Tor Arne heading, Gytkjær gjør ein fantastiske bom på returen. Dommerane gjør ein fantastiske feil med å blåsa offside. Den godeste Gytkjær skolle få flerre mulighetår. Ein gjekk i stolpen, returen blei redda på streken, ein blei heada rett utforbi. Med litt flaks hadde me vunne to/tri null! Te slutt konne me likavel reisa hjem rimelig fornøyde med nok et bortepoeng, siddisane rusla him lika sure som vanligt.

                                          Patetisk forsøk på å fremstå som the better men. Noldusar!

På søndag va det då nye himakamp, kor tri poeng ville vær utrolig viktig for å ikkje få alt for god kontakt med dei neri bånn. Igjen va det ein noe uryddige fysste omgang, mens me utøve i andre omgang fekk bedre og bedre kontroll. Men ka hjelpe det med kontroll om ikkje me klare å putta? Itte kvart som tiå gjekk begynte me å frykta at Vif mot spillets gang skolle klara å snika inn et mål. Me virka vaksinert mot å scora. Gytkjær har et glimrande nedtak med ein lynrask avslutning i fysste omgang. Kongshavn i Vif målet svare med ein utrolige redning. Noke lignande har me vel bara sett Per Morten gjør her på stadion. Han va ikkje longt onna i denna kampen hellår. Heldigvis va han på plass når Bamberg rota det litt te. I andre omgang e Kongshavn på plass igjen når heile stadion, inkludert Søder sjøl, tror at ballen e på vei inn. Heldigvis  med onna ti minutt igjen på klokkå klare Søder likavel å dryla an inn! Utrolig kordan det snur i detta fantastiska spillet me kalle fotball. For ei uka siden så gjekk me him fra stadion skuffa og bekymra for kor go me egentlig e. Nå konne me gå him fornøyde og med lyse tankar for framtiå.




søndag 5. mai 2013

Fort eller korthus?

FKH - Sarpsborg 08 0 - 1 (0 - 0)

Det blei snakka mye om kor viktig det va at me måtte komma godt i gang hima sånn at den nye stadion våres skolle bli et omtrent uinntakelig fort på samme måte som Gamlå. Det va det ingenting som tyda på i dag. Sjøl om me kom godt igang mot Rosenborg og Start, ramla det heila sammen mot østfoldingane. Korthus e vel mer dekkanes enn fort! Skolle detta forestilla et fort, ja, så må det ha vært laga av fystikkår.

Fotballsupporterar har ofta selektiv hukommelse. Likavel kan eg ikkje huska å ha sett FKH-guttane så tafatte hima før. Kanskje himakampen mot Sogndal i fjor? Uansett, detta va heilt håpløst! I fysste omgang traff me knapt med ein pasning. Det som skolle vært enkle pasningar havna longt te pokker opp på tribunen, gong itte gong. Den einaste muligheten me hadde holdt Pontus på å blåsa øve Deep Ocean-tribunnen, Sarpsborg derimot konne tatt ledelsen allerede itte et par minutt. Heldigvis va Per Morten våken! Men ka om du som kaptein konne åpna kjeften litt og prøvd å vekka alle dei søvngjengarane utpå der o! Dei einaste som så ut som om dei hadde komt seg ut av loppekassen hos oss, foruten Per Morten då, va itte Svartbak sin meining Ugonna og Bangura.

Andre omgang va hakket bedre, men det seie egentlig ikkje mye. Skolle bara mangla! Likavel skape me nesten ingen ting. Ingen hjelpe kvarandre, det virka hellår som folk gjømme seg vekk for å gjør det ekstra vanskelig for han som har ballen. Ingen tør å prøva! E me blitt redde for å tapa? Kan nesten virka sånn. "Me lika å tro at me går te alle kampane med fotballfaglig tilnærming," noe sånn ca sa Horneland te Tribunefeber, når han blei spurt om formasjonsendringane. Ein ting e sikkert, det kan vær så fotballfaglig det bara vil, 4-4-2, 4-5-1, 4-5-1-1, diamant på midten, pyramide, labyrint eller klynga! Så lenge ikkje lysten te å trø te, våga å prøva, betyr det ingen faens ting! PEIS PÅ, FOR HELVETE!

Snakkes i Stavanger, folkens!

lørdag 4. mai 2013

Tri kjappe

FKH - Start 3 - 2
Tromsø - FKH 2 - 1
Nest-Sotra - FKH 2 - 4

Nei, Svartbak-gjengen har ikkje slutta å gå på FKH-kampar, men Svartbakken som vanligvis skribla innpå her fekk seg plutselig et problem. Et problem som gjerna oppstår når ein klare å tømma ein heile kaffikopp øve pc-en. Jaja, då får me bruke jobb pc-en, ein naturlig løsning, men ka faen? Boot-failure, no contact with harddisc. Då blei de glade på helpdesk, nok et vrak å ta seg av. Når me så hate å skriva på I-paden, ja, då må med ut på pc-shopping. Med splittande ny pc e me så klar igjen.

Den fysste kampen me må sei noke om e mot Start. Begynne å bli ei stond siå nå, men det som sitte igjen e stikkordet solid. Sjøl om me bara vant med ett mål og kampen egentlig va spennande heila tiå, e det guttane våres som føre, og me føle at dessa tri poengå e fullt fortjent. Dessuten får den nye stjernå Gytkjær virkelig vist ka han e god for her.

Føra kampen kan me vel ikkje akkurat sei me gjør i Tromsø. Bortsett fra dei ti fysste minuttane så va detta lika nitrist som det pleie å vær for oss der nord. Te tiår virka det lika daft som mot Aalesund, uten at Tromsø va lika effektive. I stedet klare me å redusera på slutten og får et ørlite håp om poeng. Et poeng som ville vært et brutalt ran, men me hadde selvsagt tatt imot med glede.

På onsdag satte skrivande Svartbak seg i sofaen med I-paden for å streama kampen mot Sotra. Herregud så frustrerande. Spillerane rakk bara å springa et par meter mellom kvart stopp i bildet. Rasande holdt Svartbak på å hiva paden i veggen før han oppdaga på twitter at detta va et problem som gjaldt for alle. Altså ikkje paden sin feil. Så då blei måten å følga kampen på ein frustrerade miks mellom hakkete bildår, livescore, twitter og tekstmeldingar fra Svartbak avdeling Bergen. Det va rett før I-paden o blei dynka i kaffi når Sotra sendte ei lompa opp mot Dalen i FKH-buret, stopp i streamingå, ka skjer? Det nesta bildet vise jublande Sotra spillerar. Ein dundrande keepertabbe finne me ut ittekvart. Heldigvis klare guttane å snu detta, og me kan egentlig gå greit videre te neste ronde. Der vente kanskje Vard. Då har me ikkje råd te noke tull og somling!

I mårå vente Sarpsborg. Et lag me har bra tak på, spesielt hima. Likavel må det vær fullt fokus her. Dei e longt fra noken kasteball. Sannsynligvis e Søder o ute hos oss, dei har noken farlige karar i Martin Wiik og fetteren te Tarek. Hoås, spille han? E ikkje sikker, men det som e sikkert e han kan vær farlig om han gjør. Så , lykke te karar, detta fikse dokker om dokker opptrer sånn som dokker pleie her hima!