Svartbak...

e ei store å hissige måka. Skrike ut i tide å utide. Ikkje alltid lika behagelige å hørra på, men alltid lika full av energi og engasjement.

torsdag 27. juni 2013

Ny kvart + 3 deilige poeng!

FKH - Alta 4 - 3 (1 - 1)
FKH - B¤#&& 2 - 1 (1 - 0)

Svartbak regna med at det skolle gå rimelig greit å gå videre når me trakk Alta hima. Likavel sneik det seg som vanlig inn ein visse frykt når me rusla ner mot stadion. Sjøl om de e et andredivisjonslag, kom de te HGSD med ei imponerande seiårsrekka. Lag som e vant med å vinna blir fort farlige.

Nervene roa seg likavel når Tori ordna 1-0 ganske så kjapt. Ittepå produserte me sjanse itte sjanse, men ingen flerre scoringar. Ka skjer så? Jo, sjølsagt utlikning! Ugonna miste ballen, ingen støte på ballførar som brenne te, dermed 1-1. Jaja, detta ordne me likavel, me burde jo leda 5-1 tenkte me då.

Dei tankane forsvant fort når Alta scora nesten med ein gong i andre omgang itte horribelt forsvarsspill. Katastrofe i emning! Men så kom det tri kjappe fra oss, og me begynte igjen å snakka om kalassiffår! Men den gang ei. Ny forsvarsbrølar, og vips, 4-3. Heldigvis klarte guttane å ro det i land, og kvartfinalen va sikra. Ein kamp kor me ska møta Bodø-Glimt. Ein tøffe kamp, men me håpa guttane har lært, og ikkje tar ein Hødd.

Så va søndagen der og B¤#&& venta på motsatt banehalvdel. Bergenserane hadde ennå ikkje vonne på bortebane og skolle mobilisere ekstra denna gongen med ordførar og buekorps i tog. Kanskje dessa ekstrapassasjerane satte ut dei vanlige B¤#&&supporterane, for me har vel aldri hørt så lite fra de onna ein kamp noken gong. Tror nok likavel ein mann med navn Daniel va sterkt medvirkande te å stoppa kjeften på de med sin tidlige scoring. Itte den va det einaste me hørte fra bergensarane på tribunen kjeft te Skarfjord. Det va jo musikk i våres øyrår, så slapp me å gjør det sjøl.

Daniel blei den store helten denna kampen. Han fekk roa nervene våres med å setta inn to null itte herlig forarbeid av Søder(eg klarte ikkje klappa for deg når laget blei lest opp, men eg klarte ikkje å la verr når du blei bytta ut, du har tross alt gjort ein kjempejobb) og svensken på venstrebacken. Svartbak synes David gjorde ein kanonkamp noke han konne trenga itte brølerane mot Alta. Den kampen må ha vært merkelige for han, to målgivande rett vei, og to målgivande imot. Han fortjente ein revansje då.

Itte Bamberg sin scoring nummer to så detta ut te å bli rimelig komfortabelt, men Askar brenne inn ein redusering på øvetid. Panikk i hovene te Svartbak. Ikkje sei at de skolle klara å ta seiåren ifra oss nå! Men neida, det gjekk heldigvis fint og bergenserane måtte reisa sure him. Kan ikkje bli bedre enn det!

tirsdag 18. juni 2013

Love hurts and money talks!

"Jeg har alltid drømt om å spille for Rosenborg."
"Men det er selvsagt vemodig å forlate FKH. Det er klubben jeg alltid har elsket."

Detta e det Søderlund seie itte å ha skreve onna for RBK. Han bekrefte vel bara det me alle vett. Det å elska ein klubb betyr noke heilt forskjellig for ein supportar og ein profesjonell fotballspillar. Der mongen av oss bruke mye av det me har av tid, lønn eller trygd for å følga klubbane i våres hjertår, e dei aller fleste spillerar interesserte å spilla der dei kan suga mest mulig ut av klubbkassen, spilla på "høgast" mulig nivå, ellår "vinna noke" som dei seie. Der e tydligvis ikkje Søderlund annerledes enn den gjengse spillar. Dette e noke som skjer i heile den profesjonelle fotballverden. Me trenge ikkje å ha illusjonar om noke aent.

Svartbak har forståelse for at ein klubb som FKH må jobba seg oppover "næringskjeden" som Helgeland kalle det. Me må gradvis øka budsjett og lønnsnivå. Me kan ikkje betala det samma som dei største klubbane. Då vil me havna i uføret. Det e noke me ihvertfall ikkje ønske. Mer penger må inn enn ut for å driva klubb, enkel matematikk. Det betyr at me ikkje kan betala 2mill+++ i lønn te ein spillar som Søderlund. "Nå trengte me ikkje å gjør det," vil mongen sei, "han va onna kontrakt, me konne nekta å sella." Ja, me konne det. Men koffor ska me ha spillerar som har hove ein aen plass, som tenke på ka andre klubbar e villige te å gi de i lønn? Søderlund har lenge gått å sutra og sagt at han ønske seg vekk. Han har pakka det fint inn noken gonger riktignok. Ka gjør det med ei spillargruppa å ha lagkamerater som helst vil spilla med noken andre? Alle spillerar vil tjena mer, alle vil spilla i Barcelona. Me trenge spillerar som har fingen i jordå, og som per dags dato ønske å ver her hos oss. Som vil gi det de har for oss. Som synes det e kjekt å ver hos oss. Det e jo nettopp det som har vært kjennetegnet te FKH de siste årå. Så får me håpa at kvaliteten på dei spillerane øke itte som klubben forhåpentlig vokse.

Så koffor e me då så sure nå som Søderlund går? Har me ikkje akkurat argumentert for at sånn e det bara av og te? Jo, me har forståelse for at Jos og Helgeland e interesserte i å ha spillerar som ikkje går rondt å surmule. Me har o forståelse for denna næringskjeden som de snakke om. Stein for stein som det hette. Men me har vel lyst te å bli best mulig? Kanskje ein gong vinna noke? Det som då e jævla vondt for ein supportar itte at klubben har solgt sin Posterboy te ein konkurrent, e at klubben går ut på sine offisielle nettsider og nærmast skryte øve det! Me e faen ikkje interesserte i å ver ein "spissfabrikk!" Me e interesserte i å ver best mulig! Det e derfor me komme på stadion, for å se laget FKH gi alt! For å se de banka Viking, B#%&& og Rbk! Me håpe at det o e ønsket te dei i styre og stell, å bli best mulig, å se FKH vinna! Ikkje at de e fornøyd med å fora konkurrentar med spillerar, sjøl om det av og te blir nødvendig.

Klubben konne ha blitt spart for mye klagetwitring og surmuling i dag med ei ikkje fullt så sjøltilfreds øveskrift på nettsiå. Ka med: Søderlund solgt til Rbk. Takk for innsatsen! Lykke til! Eller som Svartbak ville skreve: Good riddance!